Ha ha! Ja, der blei du lurt, for dette er ingen aprilsspøk, men snarare heller litt aprilmoro i påskesnøen. For det er noko sant i det som mamma seier, at "det er ikkje anna moro enn ein lagar sjølv"!
Ove
(Biletet over skulle eigentleg vere under, men grunna elendige og tekniske problem let dette seg ikkje gjere. Ver venleg å sjå mellom fingrane med dette.)Som ei følge av moro ein sjølv må stå for, møtte eg i dag på diverse små skapningar ute i snøen - snodig å sjå kva som smeltar fram frå denne kvite massa, anna enn krokus og hundebæsj.
Og så møtte eg eit par fornemme fruer på tur med eit slags sjeldent eksemplar av arten sau (på latin ovis) - eg valde difor å kalle han Ove. Verken fruene eller Ove var særleg pratsomme av natur (eg veljer å tru at det var naturen deira, og ikkje noko i vegen med meg). Eg prøvde å stille dei eit par (høflege såklart) spørsmål, men dei lot seg ikkje affisere. Etter litt overtalelseskunst, fekk eg likevel lov å knipse eit par bilde av dei, før dei vandra vidare. Kor dei tok vegen er eit heller uløyst mysterium, på lik linje med "kollektmysteriet" på mjølkekartongane - ingen har sett snurten av dei verken før eller sidan i ettermiddag. Tips om dette noko uvanlege og lite pratesalige reisefølget mottas med takk.
Ok, eg snakka ikkje heilt sant i stad. Og det med overlegg i tillegg!.. Men eg angrar meg, og legg alle korta på bordet. Eller alle bileta på bloggen. Saken er den at eg hadde tenkt å selje desse eksklusive bileta til Se&Hør (Sjå&høyr, på godt norsk), men syns det hadde vore litt feigt av meg. Saken er nemleg den at Ove kom tilbake ein fem-ti minutts tid etter at dei hadde forlete meg - tru det eller ei; han kom eins ærend for å bli fotografert litt ekstra! Dette var stor stas for han. Og meg.