tirsdag 22. desember 2009

Back again

Etter utallege telefonar, brev, sms, mms, telegram og kommunikasjon via andre kommunikasjonsmiddel frå tidlegare trufaste lesarar, fann eg ut at det var best å oppdatere! Når sant skal seiast, og det skal det ofte, har det vorte lite slikt dei siste tre månadane. Eg er ikkje heilt sikker på kva som skjedde, men noko må det ha vore. Det er sikkert og visst.

Kanskje var det denne TimeOuten. Eg held ein knapp på den. Eg tok rett og slett ein timeot frå det aller meste - og det var herleg utan sidestykke! Men no er han historie. TimeOuten altså. Men det fine er at Jesus fortsatt er den same (i går, i dag, ja til evig tid). Dette er det fantastiske! Så no skal eg få bygge vidare på det eg har fått lære og erfare i Hemsedal. Ja, kva har eg lært/erfart då? Frykteleg kort fortald har eg lært og opplevd dette:
- at Jesus er den Han seier Han er
- at Han er trufast
- at Han har store og gode tankar (fredstankar!) for meg
- at ærlegheit (på godt og vondt) alltid varer lengst
- at Hemsedal er ein ok+ plass
- at Norges land er proppfullt av herlege menneske
- at av og til stemmer ikkje mine forventingar på ein prikk med det Jesus har tenkt for meg (for Han tenker alltid så mykje meir og så mykje betre enn meg) - og dermed endar eg opp med å bli overrumpla og overraska over Han. Gong på gong.
- at eg er ein drøvtyggar når eg tygg i godt selskap
- at av og til kan det ta bortimot tre veker å kome inn i eit normalt søvnmønster på ein ny stad
+++

Lista er laaang. Og ord er som ofte ellers altfor korte til å forklare på ein god måte.
Eg kan i alle fall anbefale TimeOut på det aller aller varmaste!

No set eg ein strek her ...
-----------------------------
... og går så vidare i tankerekka.
Tradisjonen tru er det no duka for jul igjen!
Dette kom på eit vis litt brått på, til trass for at eg har hatt juleferie i ein månad allereie. I løpet av denne tida er eg sanneleg ikkje heilt sikker på kva eg har gjort, men noko må det då vere.
M.a. halvt afrikabryllup (herleg!) og juleturnè i sørleg retning (dette var også ganske så greit). Og mykje tur - så sprøtt det enn høyrast ut;)

Apropo jul:



"Jula i eit nøtteskal"

"For eit Barn er oss født, ein Son er oss gjeven. Herreveldet kviler på Hans aksler (=skuldrer;), og Han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredfyrste.

(Jes.9,6)

Trur jammen det var det for denne gong!