lørdag 19. april 2008

"a man who can catch a fly with chopsticks, can achieve anything"



huska du "gutta på tur"? d gjer ej. bjørn dæhlie, vegard ulvang og arne hjeltnes.
arne hjeltnes - han m gullkorna.
ej huska ikkje så mykje spesifikt frå programmet, bortsett frå at dei reiste mykje både hit og dit, og både titt og ofte. tippa dei hadde d ganske fint. huska kanskje best når dei va i mongolia på hestetur (ej SYNS i alle fall å huske d.. viss ikkje d stemme, så he ej sikkert drømt eller nåke sånt). men d ej huska godt, va når arne hjeltnes siterte karate-kid med dei orda her: "a man who can catch a fly with chopsticks, can achieve anything". d syns ej va bra sagt av han karate-kid. han kan umulig ver dum.
chopsticks = spisepinna, for dei som skulle lure.

ej he aldri fanga ei einaste fluge m spisepinna (ikkje en mygg for den del). ej he aldri fanga mat m spisepinna en gong.. kanskje e d nåke å øve på, kanskje ikkje.. fins så månge ting å øve på her i verda. f eks: fange fluge m spisepinna, stå på ski, stå på haude/hendene, å holde haude kaldt når d bli varmt om øyrene og å fullt og heilt stole på Jesus.
ej tru nok at den som stola på Jesus kan nå lengst egentli, ikkje den som fanga fluge m spisepinna. men d kan kanskje høyrest omtrent like vanskeli ut.. d handla vel om å øve då, sånn som m dei fleste andre ting. i bibelen les ej: "velt din vei på Herren, stol på Ham, Han skal gjøre det." ej kan ikkje fange fluge m spisepinna, men ej kan stole på Jesus - d e berre å bestemme sej her og no. og så vil han ordne opp!

torsdag 17. april 2008

når nåke ikkje stemme..

i dag e ej inne i min andre dag der ej føle at d e nåke som ikkje heilt stemme.. ej he rett og slett blitt lydlaus, som en anna telefon - heilt ufrivillig - akkurat som om nåken berre skrudde mej av! uten å spørre først! og ej som trudde at mitt kjønn fikk stemmerett for opp til fleire år sia.. ej føle i alle fall at min ikkje gjeld lenger.
føle mej merkeli handicappa. men kanskje e d godt å ver meir eller mindre handicappa av og til, så ej lære mej å sette meir pris på d å ver frisk og rask sånn ellers.. for ej kan vel ofte glømme å verdsette d normale. d e først når nåke ikkje jeng heilt som vanli at ej skjønna ka heldig ej egentlig e! ej he prøvd forgjeves å ver sosial, men må nok sjå mi begrensing her, og heller bruke tida mi på andre ting - ting som ikkje kreve ei stemme. som f eks å skrive litt, høyre på musikk (uten å synge til), og lese (inni mej). kanskje til og med gå en tur ut og berre rett å slett ver STILLE.
så håpe ej at nåken kan skru mej på igjen snart - f eks Jesus. he hørt at han e en slags menneske-mekaniker. flaks at han ikkje treng lyd for å høyre ka ej sei! for en venn!

onsdag 16. april 2008

always think like a fish - no matter how weird it gets

ikkje spør mej korleis en fisk tenke. tenke fisken i d store og heile? ej he hørt om gullfiskhukommelse - som heilt til ca i dag he vør betegna som nåke sånt som 3 sekund, men veit du ka? gullfisken he (utruli nok) et mykje meir komplekst tankesystem enn som så. sjekk ut den linken her: http://www.dagbladet.no/magasinet/2008/02/25/527953.html


konklusjonen (i den grad en kan trekke konklusjona ut av nåke sånt) e vel at fisken tenke så d held: i alle fall gullfisken. og tenk på ka liten den e! ej tør ikkje tenke på ka skumle tanka som svirra rundt i en långt større fisk, som f eks ei sild, eller andre tilsynelatande harmlause fiskedyr.


i dag (som så månge andre daga den siste vikå) he ej vør innom sport1 i volda sentrum for å hente fellene mine som aldri dukka opp (og som ej begynne å irritere mej kraftig over, men d e ei anna historie). men midt oppi all ventinga på den butikken, kan ej finne nåken lyspunkt, til tross. i avdelinga "fiskeutstyr" heng nemli yndlingsplakaten min.. for et par år sia va ej innom der å spørte om ej kunne få kjøpe den plakaten av dei, men då va han ikkje akkurat t salgs. ej måtte komme innom igjen når fiskesesongen va på hell (som om.. folk fiska no sommer som vinter) men veit du ka? ej glømte rett og slett å komme innom igjen! i alle fall for å spørre ette den plakaten. snakk om gullfiskhukommelse! (?) (d va vel før han rory stokes hadde forska på at gullfiskhukommelse va nåke anna enn gullfiskhukommelse). glømte plakaten gjor ej i alle fall. men som d kjente ordtaket sei: "d som ikkje e stjelt eller brent vil komme tilbake" - slik va d i ditte tilfellet; plakaten kom tilbake på et vis, og ej e igjen bergtatt (av plakaten).


ej he søkt på google, faktisk, for å finne tak i dinne plakaten, men lettere sagt enn gjort! d som ikkje fins på google, fins ingen anna plass heller (bortsett frå på sport1 i volda sentrum). men ærli talt - d må no finnast fleire eksamplar av den plakaten! ej ser ingen anna utvei enn å tegne den! så slepp ej en sånn billig kopi.


den ser ca slik ut (bruk fantasien no, og sjå gjennom fingrane m tegninga mi..)

ja, ej e ganske fornøgd, om ej må sei d sjøl (og d må ej vel). kan innrømme at den fisken e ikkje heilt frihandstegna.. "og så juksa me litt", som ingrid espelid ville sagt. og viss ho kunne jukse, så kan saktens ej gjer d samme ;)

huskeregel nr 1: "always think like a fish - no matter how weird it gets"


opp ned


bildetekst: "balansekunstnar eskild rønningsbakken på toppen av ein skiheis. [ej ville tru at d heite EI skiheis då, men..] fotograf knut bry og rønningsbakken samarbeidar mykje om spektakulære snapshots."





på fergå festøy-hundeidvik fann ej fjord1-magasinet på et bord. ej satte mej ned, og bladde opp på d bildet her, som ej syns va ganske så spektakulært. det mest fantastiske i starten va namnet på fotografen: knut bry. ej såg m èn gong muligheita t å gifte mej m han, og få namnet gry bry. tenk, då - d kunne vør ganske kult!


men d blei ikkje et langvarig ekteskap (ikkje en gong i tankane mine); få minutt seinere les ej følgande: (sjå bildet til høgre)

mannen va visst gift - gift med kameraet. for et kamera. og for en mann.
når ej tenke mej litt om, så va d nok best sånn. han ser tross alt litt gammal ut (i motsetning t mej, som bli tatt for å ver fjorten år i trekket). men at han he et kult ettenamn - d ska han ha. og at han kan å ta bilde - d mæ ska han ha.

gry bry. (måtte berre smake på d en siste gong)
men ej e ikkje heilt ferdi m d bildet der endå (det over altså, med han opp-ned-i-skiheisa-mannen)
her e ej (fortsatt uten lyd), og ej he ET problem (vel, ej he alltids fleire, men akkurat i dinne sammenhengen, så e d et som merka sej ut) - eller la oss heller kalle d ei UTFORDRING. ej kan rett og slett ikkje å stå opp ned - verken på haude eller på hendene. kvar gong ej prøva, så e d akkurat som at d e nåke (spesielt tung i rompa tru ej ikkje ej e, så ej kan ikkje skylde på den heller) som dreg mej mot bakken. ej tru dei kalla d tyngdekraft eller nåke sånt. graviditet. men d e nåke anna. eller så e d den elendige frykta - frykta for å gå på trynet. ej he prøvd d før. og d va ikkje så godt. men oppå hesten igjen, e d ikkje d som e trikset? hadde d no berre vør en hest, så hadde saken vør så mykje enklare. men d e ingen hest - d e mej, og ej ska stå opp ned. akkurat der ligg utfordringa.
d e vel en grunn t at oss e skapt m haude opp og føtene ned? men likevel ville d nok følest bra å sjå verda frå en litt anna vinkel enn alltid ellers - f eks frå opp-ned-vinkelen.
aiaiai - lure på ka månge år m kroppsøving ej må ha for å lære mej d her? ej må rett og slett bli tøffere! wherever the fear may be - look it in the eye!
sjå på den mannen på bildet - han stend opp ned! i EI SKIHEIS! ej sei ikkje meir. spesielt ikkje når ej ikkje he lyd på snakkinga mi.

lørdag 12. april 2008

interaktiv

berre så d e sagt: d her vil bli ei side uten Stor bokstav ette punktum, ganske enkelt fordi d tek akkurat litt for mykje tid å drive m sånne bagatella..
til saken: tenk dej å nærmast våkne en morgon, der omtrent den første tanken som slær ned i haude e: "i dag skal ej bli interaktiv" (nesten sånn va d i mitt tilfelle), og valget falt då rask på en blogg. for d første e ej sanneli ikkje heilt sikker på ka en blogg e - men ej prøva likevel. d bli spennande vil ej tru (spesielt no som blogg e ganske ut, slik som ej he forstått d, i forhold til den ansiktsbok-greia som alle driv å skryt villt og uhemma av).
her føle ej d passa sej å fortelle litt om bakgrunnen min som ikkje-interaktiv(fram t no) - må berre ta en aldri så liten avstikker først.. der ej vil fortelle litt om bakgrunnen min som vinteraktiv! d starta vel allerede i en alder av et år eller to (ej va i alle fall frykteli liten), vil ej tru.. her e d ej kan erindre: så snart den første snøen kom, bar det ut på ski (lite gjor d at d va meir gras enn snø på bakken - her måtte ej ut å øve.. tryna gjor ej både titt og ofte, men greide aldri å komme mej opp sjøl, så folk (mamma el pappa) måtte ut og løfte mej opp- igjen og igjen! dei rakk såvidt å komme inn døra før d bar ut igjen for å hjelpe mej opp.. men arti va d likevel, syns ej å huske. og skia glømme ej aldri: type treski, sånne som en kan bruke vanlige sko i (men ej he no i ettertid lært på kroppsøving at d faktisk e fy-ski, som mest sannsynli ikkje gi en god opplevelse.. likevel vil ej tørre å påstå at ej fikk akkurat d - en god opplevelse, som set i mej den dag i dag. når ej blei lei av skia (for d hendte vel d mæ), og d hadde lagt sej en smule meir snø på bakken, så klatra ej og min kjære bror (èn av mine kjære brødre), david, opp på minkhustaket for å hoppe ned i den herlige kalde massa som vintrane stort sett va fylt av. d va utruli spennande, og ej fikk komme litt nærmere drømmen om å flyge (som for så vidt aldri he vør spesielt stor i mitt tilfelle.. men herlig va d likevel). ellers kan ej erindre sledetura med hest i djup snø som flagra rundt øyrene (d va snøen som flagra rundt øyrene altså, ikkje hesten) - nok et vinteraktivt minne som he fryst sej fast. sparktog e heller ikkje t å forakte.. så kan ej huske mindre artige ting, som f eks kalde gummistøvla, med endå kaldere føte inni, og.. hmm.. kan faktisk ikkje komme på fleire uartige opplevelsa i mi vinteraktive fortid! som forøvrig ikkje e forbi - den må berre ligge litt på vent t neste år! så i mellomtida fær ej heller ver så interaktiv ej greie, for å kompensere for tapet av snø, slaps, kulde og varme.
tilbake til saken (interaktiv): ej he vel alltid tenkt at sånne ting e litt for kult for min del,men he i d siste funne ut at ej e no egentli ganske så kul, så d e ikkje et godt nok argument! og for ikkje å snakke om all den unødvendige tida som bli brukt t å sete framfor skjermen (høyr ka d osa av fonuft).. men her he ej bestemt å heller bruke en time mindre til dagdrømming (som d ofte bli mykje av).. så no e ikkje heller d her et argument m særli mykje hold i. fleire argument? joda, no ska du høyre: ej he alltid vør ganske prinsippfast av mej (av og til må ej spørre mej sjøl til ka nytte), og et av prinsippa he då fort blitt å ikkje henge sej på resten av gjengen (i alle fall ikkje uten å ha tenkt mej godt om - som ej no føle ej he gjort- lenge og vel, og endå lenger enn d). men så må ej begynne å sjå på viktigheita av prinspippa mine: e d virkeli så utruli viktig å ver så prinsippfast på meir eller mindre uviktige ting? svar: nei. ej føle ej he komt t d punktet at ej kan sei mej enig i at d kanskje i lengda bli litt slitsomt. så no syns ej at alle argumenta mine for ikkje ha blogg he kokt ned til sånn ca null - so here I am! og d beste av alt e at ej no kan få fritt utløp for mi iboande skrivelyst (som ej føle ej ikkje fær nok boltreplass t sånn ellers i kvardagen). ej he fått d ærefulle oppdraget som pr-sjef i voks (volda kristelege studentlag), og kosa mej stort når den faste voks-mailen skal utformast kvar vike, men ej kan nok ikkje basere mej på at ej fær sløkt skrivetørsta i den mailen - så behovet må dekkast på andre alternative måta. ej he i alle år gått rundt m en stor drøm om å skrive ei bok (som så skal bli t fleire bøke ette kvart). erlend loe e min skrivehelt, så d e ikkje usannsynli at den boka kjem t å bli litt à-la kurt ;) ej e i alle fall sprengklar for å la fingrane og tankane flyge i tida framover!