lørdag 7. juni 2008

kvile




"sullan bane, trygt i Far sine armar

sullan bane, kjaken til Pappa han varmar

kvila bane, lat suten fara

kvila bane, lat Meg deg vara

sullan bane, vinden kviskrar Min nærleik

sullan bane, fuglen syng Min kjærleik


himmel spunnen, fagert spunne i mjuk hand

himmelbane, knytt til Mitt hjarte med farsband

før du fødtest var Eg din skapar

liv frå kjeldene Mine har spunne ein evig tråd i dine vegar

sjå himmel spunnen, blå spring ut der du stegar


gråt ei bane, Far turkar di tåra

ja, gråt ei bane, Far stryker salve på såra

kvila tanken di tunge bør er Mi

lat Meg halda deg tett

her i Mine armar, frykt og mørke viker

kjenn Mine armar, gitt av himmelrike


kvila bane, Far sine augo er vakne

so kvila bane, Far let himlane spakne"







(ragnhild huse, "himmelfolk")

4 kommentarer:

Inger Brit sa...

Nydelig :-)

Anonym sa...

ja, rett og slett :)
dei på d siste bildet e laga av marsipan :)
til å ete opp ;)

Inger Brit sa...

Er det sant?! Det var jammen meg likt... Vi har forresten bestilt både flytting og vasking! Så slipper heldigvis det :-) Deilig!

Anonym sa...

Hei, spurte Ragnhild på facebook hvordan teksten er. Det er "blom spring ut der du stegar." Og Far let vindane spakne"